Me er klare for ei ny 16. mai feiring her på Lyngmo, og håpar du har lyst å ta turen!
Kvelden vil by på mat, sosialt, andakt og aktivitetar. Me skal kåra 17. mai leikanes mestere. Det blir grilling, og hvis været blir bra kan me nyta ein lang kveld ute. Ikkje minst starte årets 17. mai med eit herlig kaldt bad i Hafslovatnet (husk badetøy!).
Kvelden startar kl 18.00 og varar til ca midnatt (bading ved midnatt for de som vil!). Pris: 275,- Påmeldingsfrist: 15.mai
Arrangementet er rusfritt og er støttet av MA Rusfri Trafikk