Lyngmo - Gjestehus
Overnatting ved Hafslovatnet i Luster, nær Sognefjorden
Gjestehus (Bed & Breakfast)
Opningstid 2024: 18. - 20. mai + 17. juni - 30. august
Lyngmo Gjestehus tilbyr overnatting i enkle og fine rom med eige bad. Her startar du dagen med ein god frukostbuffet inkludert i prisen. Nyt sommardagen i flotte omgivelsar på Lyngmo. Ute kan gjestene bade på vår eiga badestrand, leige båt / kano / SUP eller spele sandvolleyball. Det er også gode fasilitetar innandørs. Gjestene kan slappe av i peisestova eller leike i gymsalen / aktivitetsrommet med bordtennis, biljard, airhockey og fotballspel.
Rom
Romstandard
Rom med eige bad og 1 - 7 senger
Sengtøy og handdukar er inkludert. Du legg på senga sjølv.
Baby/reiseseng: Må bestillast på førehand
Rom for rullestol: Må bestillast på førehand
Senger: Dei ulike rommar er tilpassa ulikt med rammesenger, familiekøyer og køysenger
Måltid
Frukost
Frukostservering frå 07.30-10.00
Mogleg å smørje nistepakke (bestill i resepsjonen)
Ta kontakt på førehand for å avtale om matallergiar og spesielle behov!
Andre måltid
Gjestekjøkken: Disponibelt til matlaging for alle gjestene våre
Kiosk: Enkel snacks, brus, is
Middag: Fleire gode alternativ på Hafslo og i Sogndal (Meir informasjon og tips)
Aktivitetar, servicetilbod og vilkår
Aktivitetar
Utleige av kano, robåt, SUP
Gymsal og aktivitetsrom
Fjelltur til Molden
Tur på Sognefjorden og i Jotunheimen
Servicetilbod og vilkår
Resepsjonen er open frå 07.30 - 22.00