Lyngmo - Hytter

Overnatting ved Hafslovatnet i Luster, nær Sognefjorden

Hytter

Opningstid 2024: 18. mai - 8. september


Lyngmo Gjestehus og Camping tilbyr overnatting i 7 hytter. Hyttene ligg nydeleg til ved kanten av Hafslovatnet. Lyngmo er eit godt utgangspunkt for turar og opplevingar i Luster og Sognefjordområdet. Det er også fint å nyte sommardagen i flotte omgivelsar på Lyngmo.

Mat og matlaging: Hyttene har ein liten kjøkkenkrok med kokeplater og kjøleskap. Dei har enkelt utstyr til matlaging og servise. Gjestene kan også bruke gjestekjøkkenet vårt til å lage mat. I tillegg er det mogleg å bestille frukostbuffet i perioden gjestehuset er ope.

Vatn og Sanitær: Det er ikkje innlagt vatn i hyttene. Det er WC, dusj og vatn i felles sanitæranlegg som ligg 10 - 40 meter frå hyttene. Sanitæranlegget har private dusjrom og fine fasilitetar. Me gjer vårt beste for at reinhald og fasilitetar skal halde ein god standard!

Senger og sengetøy: Det er dyner og puter i hyttene. Sengetøy og handduker kan bestillast (du legg på sengtøyet sjølv)

Aktivitetar: Me tilbyr ulike aktivitetstilbod på Lyngmo; blant anna badestrand, gymsal, spelerom, leikeplass, båt / kano / SUP med meir. Les meir om aktivitetstilbodet vårt her
(Enkelte fasilitetar er kun tilgjengeleg i perioden gjestehuset er ope)

Type A - 4 store hytter

  • Ca. 20 m2 - isolert

  • 2 soverom og 1 oppholdsrom med sofa og kjøkkenkrok.

  • 1 - 6 personar (Køysenger og smale dobbeltsenger)

  • Kjøkkenkroken har kjøleskap, servise og minikomfyr med tilhøyrande panner og anna kokeutstyr.

Type B - 3 små hytter

  • Ca. 9 m2 - uisolert

  • 1 rom

  • 1 – 4 personar (OBS! 2 køyesenger)

  • Kjøkkenkroken har kjøleskap, servise og kokeplate med tilhøyrande panner og anna kokeutstyr.

Sanitæranlegg, servicetilbod og vilkår

Sanitæranlegg

  • Oppdatert sanitæranlegg med WC, minibad, HCWC / familierom. Bruk av sanitæranlegg er inkludert i prisen.

  • Det skal være god standard og godt reinhald på sanitæranlegget vårt!

Servicetilbod og vilkår

Aktivitetar