Eigar av denne nettsida er: Lyngmo Ungdomssenter AS, Lyngmo 21, 6869 Hafslo.

Tlf: 57 68 43 66.
E-post: lyngmo@lyngmoinfo.com.
Heimeside: www.lyngmoinfo.com
Org.nr: 893 461 892

Personvernerklæring Lyngmo Ungdomssenter AS

Personvernerklæringa er oppdatert 02.03.24
Personvernerklæringa gjeld også for Lyngmo Gjestehus og Camping

1.    Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med kundeforhold må me innhente opplysningar som namn, kontaktinformasjon, organisasjonsnummer og anna naudsynt informasjon. Dette er opplysningar som me utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Me tek vare på opplysningane så lenge me har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data me har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil me ta vare på data så lenge me ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle hatt behov for det. Anna relevant informasjon for bedrifta, slik som deltakarlister, kan bli lagra som historisk materiale.

2.    Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

3.    Kunderegister og Bookingsystem

Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som namn, kontaktinformasjon og anna naudsynt informasjon. I tillegg inneheld det informasjon om kontaktpersonar hjå selskap/firma. Kunderegisteret inneheld opplysningar om kva tenester og produkt kunden har avtale om / har kjøpt. Slike opplysningar vert lagra så lenge selskapet finn det tenleg.

4.    Informasjonskapslar

Lyngmo nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

5.    Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace/Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker

Eigar: YouTube/vimeo
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

6.    Nyheitsbrev og marknadsføring

Me sender nyheitsbrev og anna marknadsføring til kundar som har samtykka til oppfølging. Du kan når som helst trekke tilbake eit slikt samtykke. Sjå informasjon om endring i opplysningar / samtykke lenger nede.

7.    Kontaktskjema og påmeldingsskjema

Når du fyller ut kontaktskjema eller påmeldingsskjema på nettsida lagrar me denne informasjon i vårt e-postsystem / kunderegister / bookingsystem. Denne informasjonen vil me lagre for å kunne følgje opp kundane våre. Me etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn naudsynt. Sjå informasjon om innsyn, retting og sletting lenger nede.

8.    E-post kommunikasjon

All e-post som blir sendt til lyngmo@lyngmoinfo.com og andre adresser knytt til @lyngmoinfo.com blir lagra i vårt system. Me etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn naudsynt.

9.    Deling

Det er mogleg å dele artiklar frå nettsida i sosiale medium (Facebook, X, osv.). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

10.Bilete/film

Formål:
Det kan bli teke bilete/film på arrangement og i anna drift på Lyngmo.
1: Til internt bruk på arrangementet (til dømes felles bildevisning i løpet av arrangementet)
2: Til eigenreklame for Lyngmo og eigarorganisasjonane på heimeside, Facebook, nyhendebrev, brosjyre, magasin med meir.
3: Bilete vert lagra som ein del av det historiske arkivet over aktivitet på Lyngmo.

Bruk:
1: Bilete av identifiserbare enkeltpersonar/personar i små grupper vert ikkje publisert utan samtykke.
2: Situasjonsbilete kan bli publisert jamfør åndsverklova §104. (Aktiviteten er formålet med biletet.
Eksempel: (A) Oversiktsbilete av ei større gruppe. (B) Ei gruppe personar i eit songteam.) Bileta kan då bli offentleggjort utan samtykke dersom det ikkje er krenkande for dei som er på biletet.
3: Namn vert aldri knytt opp mot bilete utan samtykke.

11.Innsyn, retting og sletting

Etter personopplysningslova, Artikkel 15, har den einskilde krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om ein sjølv. Innsyn kan ein få ved å henvende seg til Lyngmo Ungdomssenter AS – e-post: lyngmo@lyngmoinfo.com. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ynskjer å sletta dine opplysningar / samtykke, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningslova, Artikkel 17.

12.Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar hjå Lyngmo Ungdomssenter AS er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Me etterstrebar å følgje gjeldande regelverk for personvern. Har du spørsmål, ta kontakt på lyngmo@lyngmoinfo.com eller 57 68 43 66