Lyngmo Gjestehus og Camping
Overnatting ved Hafslovatnet i Luster, nær Sognefjorden
Informasjon, servicetilbod og vilkår
På denne sida finn du viktig informasjon om servicetilbod og vilkår for bestilling.
Dersom du har fleire spørsmål må du gjerne ta kontakt med oss via e-post eller kontaktskjemaet nederst på sida.
Opningstider 2024
Lyngmo Gjestehus: 18. - 20. mai + 17. juni - 30. august
Hytter og campingplass: 18. mai - 8. september.
Gjestehus-sesong er når Gjestehuset er ope
Skuldersesong er periodar me har ope for hytter og camping, men Gjestehuset er stengt.
Informasjon om aktivitetstilboda på Lyngmo finn de her.
-
Opningstid Gjestehus-sesong: 07.30 – 22.00.
Opningstid skuldersesong: Open frå 09.00 – 12.00
Kiosk: Me tilbyr snacks, brus, is med meir i kiosken (Kiosken føl opningstider til resepsjonen)
-
Innsjekk: Frå kl 15.00 (Ta kontakt for innsjekk seinare enn 20.00)
Utsjekk: Innan kl 12.00. Dersom du har betalt kan du legge nøkkel i nøkkelboksen i resepsjonen.
-
Du er på
Lyngmo Ungdomssenter
Lyngmo 21,
6869 Hafslo,
Luster kommuneBrann 110
Politi 112
Ambulanse 113
Legevakt i Luster (+47) 116 117 (Gaupne sentrum, 15 km frå Lyngmo)
-
Me tilbyr gratis WIFI. (Lyngmo guest - passordfritt)
-
Gjestehuset låser dørene kl 22.30. Gjestehuset sine romnøklar passar til hovudinngang og stovedøra ved soveromsfløyen.
Utsjekk: Nøkkel kan leverast i drop-box i resepsjonen ved aveise dersom du allereie har betalt for opphaldet.
-
Turistinformasjon: Spør gjerne betjeninga. Om dei ikkje kan hjelpa, kan du ta kontakt med turistkontoret. Tlf. +47 976 00 443 / (+47) 57 68 67 44
-
Frukostservering frå 07.30 - 10.00
For Gjestehus / Rom: Inkludert
For Hytter og Camping: Kan bestillast i Gjestehus-sesongen.
Pris 2024: Vaksne: 105,-. Barn(4 - 13 år): 70,-.Matpakke: Smør ein god matpakke for dagen. Bestill og betal i resepsjonen.
Pris 2024: 55,-Brød: Bestill ferskt brød kvelden før som kan hentast i resepsjonen frå kl 08.00. (Gjestehus-sesongen)
Pris 2024: 55,-Matallergi: Me ønsker å legge godt til rette! Vær venleg og gje beskjed før ankomst dersom du har matallergi.
-
Gjestene kan nytte te-kjøkkenet eller campingkjøkkenet:
Te-kjøkken: Tilgjengeleg for gjestene på Gjestehuset (ved rom 25).
Gjestekjøkken / Campingkjøkken: Tilgjengeleg for alle gjestene våre. Kjøkkenet er utstyrt med 2 komfyrer, enkelt utstyr for matlaging og oppvaskdisker.
Grill
Det er ikkje lov til å nytte eingangsgrill eller lage bål (Bålforbod)
Me har tønnegrill til utlån (ta med eige grillkol og tennvæske)
-
Middag: Me serverer dessverre ikkje middag. Kan bestillast for større grupper.
Matbutikk: Opningstider Spar Hafslo
Kvardager: 08:00 – 21:00
Laurdag: 09:00 – 20:00
Søndag - stengt
Serveringsstader, kafear og restaurantar:
Hafslo
Solvorn
Sogndal:
Mange gode alternativ
-
Peisestova: Fint opphaldsrom for avslapping og spel. Mogleg å bruke rommet til å ete mat som er tilbereda på gjestekjøkkenet.
Internatstova: Fint opphaldsrom i nær tilknytning til overnattingsromma.
-
Lyngmo er eigd av to kristne organisasjonar. Gjestene kan nytta bønerommet til bønn, bibellesing og lovsong. Det er ikkje lov med mat på dette rommet.
-
Vaskemaskin og tørkerom er tilgjengeleg i gjestehus-sesongen.
Vaskemaskin: Betal i resepsjonen.
Tørkerom: Gratis
-
Søppelsortering på Lyngmo
Det er 2 søppelstasjoner og søppel skal sorteres.
-
Lyngmo er ein rusfri institusjon for heile familien. Det er ikkje høve til å kjøpe eller nyte medbrakt alkohol hos oss.
-
Alle våre rom, hytter og fellesareal er røykfrie. Røyking på tilvist stad utandørs.
Røyking innandørs vil gje eit ekstra reinhaldsgebyr.
-
Campingplasse / ute: Hundar er velkomne, men husk på båndtvang.
Innandørs: Det er ikkje lov med hund inne på Lyngmo (unntak for førerhund).
Hytte for hund: Me kan tilby 1 hytte som det er lov til å ha med hund i.
Vær tidleg ute med å bestille. Denne hytta vert for booka.
Hund skal ikkje være oppi sofa / senger.
-
Gjestehuset: Sengetøy og handdukar er inkludert (legg på sjølv)
Bytte handduk: Ta kontakt med resepsjonen for ny handduk
Hytter: Ta med eigne sengtøy og handdukar / leige på Lyngmo
-
Ta kontakt med resepsjonen for å låne hårfønar.
Vilkår
-
Ordinær avbestilling: Standard frist på bestillingar på tlf, e-post og via heimesida våre: Avbestilling seinast 48 timer før ankomstdato. Gjesten betaler totalprisen for bookingen ved avbestilling frå og med 48 timer før ankomstdatoen. Dette gjeld også ved manglande oppmøte.
Avbestilling spesialtilbod / non-ref prisar / arrangement: Oppgitt avbestillingstidspunkt gjeld.
Reiseforsikring: Me anbefalar å ha ei god reiseforsikring som dekkar avbestillinger, i tilfelle du må kansellere.
KONTAKTSKJEMA Gjestehus, Hytter og Camping
Ta gjerne kontakt med oss via kontaktskjema! Dersom det hastar kan du ta ringe oss på telefon: (+47) 57 68 43 66.