Leir for barn og ungdom


Leirarbeid for barn og ungdom er hovudgrunnen til at Lyngmo vart bygd i 1965. Dette er hovudfokus og den viktigaste oppgåva på leirstaden vår!

3 sesongar: Det er 3 leirsesongar for dei ulike aldersgruppene (Vinter, sommar og haust). I tillegg er det nokre interesseleirar.

Leir for 2. - 4. klasse: For mange er dette første møtet med leirlivet. Desse leirane har 2 overnattingar. Det er 3 leirar i året

Leir for 4. - 7. klasse: Desse leirane har 2 - 3 overnattingar. Det er 3 leirar i året.

Barnas Songleir: Interesseleir for 2. - 7. klasse med fokus på song. Me lagar eit flott leirkor og avsluttar med leir-konsert! Me har også vanlege leiraktivitetar med leik, leirkveld, andakt, kiosk osv.

Ungdomsleir (8. klasse - 3. vgs): Denne leiren er to gonger i året(sommar og haust), og har 2 overnattingar. Dette er ein leir med fokus på å bli betre kjent med Jesus, kvarandre og ha det gøy. Her er det sein legging og mulighet til å sove litt lengre enn på dei andre leirane.

Crossroad (8. klasse - 19 år): Dette er ein leir / festival der me riggar Lyngmo til ungdomsfest, skrur opp lydvolumet og legg til rette for eit arrangement på ungdommane sine premisser! Crossroad vert arrangert ein gang i året i vinterferien og samlar deltakarar frå heile Sogn og Fjordane! Her vil du oppleve eit tydeleg fokus på Jesus gjennom undervisning, lovsong og gruppesamlingar. Deltakarane kan velje mellom skitrekket, Lustrabadet og aktivitetar på Lyngmo!